Vågestykke (med kviss)

100 år, 100 spørsmål. Kvissmeister Njord V. Svendsen har vore på djupt vatn og  og fiska opp ein domikanermunk, Haugstad-softis, Nøsa, sexprat og ikkje minst sjefen sjøl, Ben Johnsen.

Kledd for nostalgiske overtramp (Foto: Ivar Aasen-tunet)

Jubileum er gode påskot for nostalgiske overtramp og sentimentale sjølvmål. Etter oppmoding frå bloggredaksjonen om eit bidrag låste eg meg inn i næraste tenketank (liknar litt på ein transformatorkiosk eller Brattvåg Hotell i mindre format, liknar ikkje dei skitne tankane i ulike skrog ved verftet der ein del ungdom fekk sitt første med industri og klaustrofobi medan dei heldt ein stålbørste i handa).

i tenkeboksen låg eg lenge på magen med lupe og studerte luftfoto frå 1963 for å finne knivstikkarar i Knivstikkargata.

Eg la frå meg lupa og gjekk i staden inn i det filosofiske hjørnet for finne eit bilete, ein metafor som kan fange essensen av vår stad raskare enn frisør Amdam kan svare ”Amdam” på telefonen.

Eg kjende at eg måtte ut. Noko måtte ut. Det er litt som med svinemøren. Det blir ofte litt mykje, ein kjenner seg svinaktig, og så må ein finne eit avløp for å få utløp.

Resten av tankane blir her presentert som hundre spørsmål: ein kviss som kan lovleg takast i bruk i puben på Brattvåg Hotell (som liknar litt på ein transformatorkiosk i stort format), eller på julebordet til Rotary, som eg strengt tatt ikkje anar kva liknar på).

1) Kor mykje vatn er det i Vågen?

2) Kvifor er Storgata så stor?

3) Kven er eg?

4) Kor djupt kan boretårnet bore?

5) Kan boretårnet bore?

6) Kven er du?

7) Kva slags miljø er det i miljøgata?

8) Kva er kursen på Børsen?

9) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar sin kamp nummer 67?

10) Kva er det største som har hendt på Storkaia?

11) Kor mange feilparkeringar vart utført i Brattvåg sentrum mellom klokka 9 og 11 laurdag 26. mars 1994?

12) Kven er dei andre?

13) Kven har scora det mest spektakulære sjølvmålet på Brattvåg stadion gjennom tidene?

14) Er det ikkje artig at hydraulikk rimar på lyrikk?

15) Er det nokon som hugsar Ben Johnson?

Prøv litt fiskeolje fra Brattvåg du òg

16) Er det ikkje artig at STX nesten rimar på sex?

17) Kvifor er ikkje det artig?

18) Eller er det?

19) Kven skreiv ”Kring denne jula vaks Brattvåg fram”?

20) Kva jul var det snakk om?

21) Kva ville Bruce Springsteen ha tenkt om han kom inn i på handarbeidsrommet på Brattvåg barneskule torsdag 8. november 1984?

22) Kva ville Marit Hildrestrand ha tenkt?

23) Kvifor finst det så mange luftfoto av Brattvåg?

24) Kvar er alle saman?

Kombinert ski- og prestedrakt fra ULRO sport.

25) Er det sant at dominikanarmunk og brattholmnesing (East Side) Arnfinn Haram bestemte seg for å konvertere til katolisismen etter eit mislukka skihopp frå Brattvåg kyrkje i 1981?

26) Korleis vil det låte om Brattvåg trommekorps plutseleg bestemmer seg for å spele Amazing Grace?

27) Kvifor vart Ben Johnson tvinga til å gi frå seg OL- og VM-medaljane sine?

28) Kor mange korrekturfeil var det i Haramsnytt fredag 28. mai 1993?

29) Er det sant at David Beadle i fire år  insisterte på å køyre på venstre sida av vegen med eit vilt flir i skjegget?

30) Korleis let det då aspirantane i Brattvåg skulekorps spelte Amazing Grace på førjulskonsert i Brattvåg kyrkje i 1982?

31) Kva farge hadde dirigent Leiv Ståle Aasebø i ansiktet?

32) Kvifor kom Ben Johnson til Brattvåg?

33) Kvifor såg det ofte ut som Ben Johnson smilte litt samstundes som han liksom ikkje gjorde det ?

34) Kvifor hadde han så tunge augelok?

35) Er det sant at Arild Remmereit moste Carl Bernstein i bordtennis?

36) Kva har Brattvåg til felles med Napoli?

37) Kor mange millionar ville det blitt i kassa dersom Brattvåg hadde hatt parkeringsvakter?

38) Kvifor vart Rune Ulvestad aldri proff i Ipswhich?

39) Kor mykje utmarksbeite ligg det til Samfjordgårdene?

40) Er det sant at alle omvegar heim er reiser?

41) Kva er den sjukaste 17. mai-talen som aldri vart halden utanfor den gamle sjukeheimen?

42) Smilte Ben Johnson likevel på ordentleg?

43) Kvar skal alle saman?

45) Korleis smakte buljongen på Brattvåg stadion i haustsesongen 1987?

46) Er Nøsa teknisk sett ein del av Brattvåg?

47) Kor mange bilar med lodne trekk på ratta og felgar av lettmetall rulla fram og tilbake, medan sjåførane rulla seg røyk, mellom Shell og ferjekaia hundre, kanskje to hundre gonger, berre avbrote av eit kjøp av meir wunderbaum, om kvelden fredag 16. juni 1989?

48) Kva arkitekturhistorisk retning inspirerte skaparen av tribunen på Brattvåg stadion?

49) Kor langt er det frå misjons- til bedehuset?

50) Kor langt er det frå rus til Petrus?

51) Kor langt er det frå gras til grus?

52) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 367?

53) Kva kjem det neste namnet på skipsverftet til å rime på?

54) Når kjem Ben Johnson tilbake?

55) Kor er alle heltar hen?

56) Kva drøymde Ingebrigt Davik to netter før han fullførte Taremareby?

57) Kven åt den siste softisen på Haugstad?

57) Fungerer Brattvågsongen i moll?

58) Kvifor er Brattvåg så stygg?

59) Kvifor er dette så vakkert?

60) Er det sant?

60) Kva poplåt minner rytmen i lyset i fyrlykta i Årsundet om?

61) Er det ikkje artig at Våghall rimar på vågal?

62) Er det ikkje artig?

63) Vil den for lengst nedlagde instekafeen få ei eige kapittel i bygdebok for Haram i 2028?

63) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 467?

64) Kva ønskjer har du for Brattvågs 200-årsjubileum?

65) Kva spelte Brattvåg skulekorps kring hjulegrana første søndag i advent 1990?

66) Kor mange korrekturfeil var det i omtalen i Haramsnytt fredagen etter?

67) Kor mange av sjåførane som rulla seg ein røyk i bilane med lodne trekk på ratta og felgar av lettmetall som rulla fram og tilbake mellom Shell og ferjekaia hundre, kanskje to hundre gonger, berre avbrote av eit kjøp av meir wunderbaum om kvelden 16. juni 1989 var i realiteten frå Hildre?

68) Kor mange var igjen i Brattvåg idrettshall under eit bygde(by)stemne i 1990 etter at ei lokalt kjellarband var ferdig med halvparten av den første låta?

69) Kva meinte hegrane på Brattholmen om Amerika gatekjøkken?

70) Kvar er dei no?

71) Kvifor lo David Beadle godt då han muligens parkerte bilen sin utanfor biblioteket 22. november 2003?

72) Er gode rådmenn dyre?

73) Er dyr gode rådmenn?

74) Kan ord forføre ordførarar?

75) Kan ord føre til noko?

76) Er budsjettet ute på hamna?

78) Kvifor er min båt så liten og havet så stort?

79) Kven er den minst berømte brattvågaren i verda?

80) Kvar kjem vi frå?

81) Kven er den mest berømte brattvågaren i Brattvåg?

82) Kva er det minste som har hendt i Storgata?

83) Korleis let det når Brattvåg Trommekorps tolkar Brattvågsongen?

84) Kva ville Carl Bernstein tenkt om han fekk høyre dette?

85) Er det sant at Ben Johnson sette fiskeolje (frå Brattvåg) intravenøst før verdsrekorden på 100-meter i VM i Roma i 1987?

86) Kvar kom vi frå?

87) Er boretårnet eit boretårn?

88) Kvifor dribla ikkje Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 803?

89) Er Brattvåg Brattvåg?

90) Er Brattvåg Brattvaag?

91) Kor fort tikkar klokka?

92) Kva er det som plutseleg er så stas med Synnaland?

93) Kor lang var vegen frå Huse til Kulturhuset?

94) Vil noko vedunderleg verkeleg skje?

95) Er dette i ferd med å tippe litt over no?

96) Nei?

97) No då?

98) Kven er vi?

99) Er det filosofiske hjørnet snart ledig?

100) Kor mykje våg er det i vatnet?

Advertisements

2 thoughts on “Vågestykke (med kviss)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s