«Alltid mykje fine damer i Brattvåg»

Våghall var meir enn leikaring og teater. Kvar fredag kunne vi høyre bassgangen dundre, bilane ruse og folk leve seg ut. Korleis var egentlig livet på Våghall?

Vi har spurt Alf Terje Farstad frå det legendariske Lepsøy-bandet Living Earth om å ta oss med på ein tur ned memory lane.

Living Earth i 1978. Alf Terje Farstad nr 2 f.v. (med bart)


Kva forbind du med Våghall?

Å spele til dans på lokalet har ein sjarm som er ulikt alt anna. Eg har spelt på Våghall omtrent 50 gangar, og kan med handa på hjertet seie at det er berre gode minner. Det var ei fantastisk atmosfære på Våghall, med trappene, galleriet og alle kulissane frå julespel og revyar som sto stabla på scena. Huset hadde definitivt sjel. Og så var det masse kjekke og blide folk!

 – Dei var blide sjølv om det kun var brus og pølser til salgs?
He-he, folk gjekk inn og ut og blei berre i bedre og bedre humør. Må innrømme at Solo’en dei tok med ut i bilane ikkje hadde heilt samme fargen når dei kom inn att… Litt smådribbing ned trappene og småfighting var det vel, men humøret var godt!

– Var det bra med folk?
Ja, slik eg huskar det så var det stort sett alltid fullt på Våghall når klokka nærma seg 22. Og då snakkar vi både om dansegolvet og på parkeringsplassen. Ein grunn til det er at Brattvåg var kjent for å ha mykje fine damer. Kanskje fordi det er skuler der, eller rett og slett fordi Brattvåg-damer generelt er fine! Og når damene er der, då kjem karane også.

– Då var vel gjengen på scena også rimelig populære, eller?
Nja, vi var vel ikkje mindre omsverma enn gjennomsnittet… Ein i bandet traff faktisk dama i sitt liv på Våghall! Brattvåg-dame, sjølvsagt. Og så må eg få nevne at det er ei dame som betydde noko spesielt for alle oss i bandet: Skjelte-Anna på Central Hotell. Det var ein ekstra bonus med Brattvåg at vi fekk overnatte på hotellet, og Anna var ei nauta kjekk og ikkje minst tålmodig dame, som tolererte nokre nachspiel og passa godt på oss karane.

– Kva med musikken? Var folk interessert?
Våghall var faktisk berykta for ein liten mafia foran scena, eit lite musikkpoliti av folk som spelte sjøl og i eigne auge hadde greie på det meste… Mot slutten av dansen var det vel andre ting som var viktigst… Vi brukte å ta ein rask låt som nest siste sang, og så tok vi Feelings («nothing more than feelings…») til slutt. Det brukte å fungere bra. Med unntak av kjæresten til ei dame trappa opp etter en tur ute i bilane og reiv ho ut av armane til ein håpefull stakkar.

– Er bygdedansen historie? Er det byen for alle pengane no?
Nei, tvert imot. Det vart slutt på 90-tallet, men no er faktisk bygdedansen på vei tilbake. Living Earth er fortsatt i toppform – og vi kjem meir enn gjerne til Våghall igjen!

"Til hælvete med Grieghallen, det e her æ høre heim!" (Åge Aleksandersen fra scena på Våghall)

Advertisements

One thought on “«Alltid mykje fine damer i Brattvåg»

  1. Dette var artig lesning ! Har spelt på Våghall utallige ganger sjøl,og kjente meg godt igjen her ja 🙂 Huset har sjel,men er et trist skue i dag ! På en treningstur nå nylig passert jeg huset og vart stående og kike på det,og minnene strømde på..Kunne vært artig og tatt en tur inn en dag.Litt spent på hva som vil møte meg der? Og når det gjelder musikkpolitiet som Alf Terje beskriver var jeg nok en av dei ja 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s