”Romsdaling, ålesunder eller haramsøying?” – ”Brattvåger, din kop!”

Brattvåg er som New York: Ein smeltedigel for mange slags tungemål.  Korleis skal ein ekte brattvåger prate?

Helene Hildremyr

brattvaagen har spurt vår ekspert Helene Hildremyr, som skriv doktorgrad i sosiolingvistikk ved Universitetet i Bergen

– Oss utflyttarane strever av og til med å snakke korrekt. Kva må oss huske på om oss ikkje skal bli stempla som sell out?

Aller viktigast er det å bruke «ej” og ”oss”, (vs. romsdalsk i/vi (me) og ålesundsk e/vi).

Slå også til med ”ikkje” uttalt med skikkelig kraft i kj-lyden (vs. ”ikke” og ”isje”). Om du sper på med ”låk i haudet” (vs. ”vondt i hodet”) og ”ete” (vs. ”spise”) så er du i Brattvåg-sona.

– Fint, det kan oss få til. Og om oss vil ta ta steget til ”the next level” (og snakke som den eldre garde i Vågen)?

Då gjeld det å bruke heile alfabetet: ”å” for ”a” i ord som ”månge” og ”lång” (vs. ”mange” og ”lang”), og ”ø” for ”å” i ord som ”ørm” (vs. ”orm”) og ”kjøm du?” (vs. ”kjem du?”).

Det er også tradisjon for å bruke diftongar som i ”knei” og ”trei” (vs. ”kne” og ”tre”) og ikkje minst å uttale g-en tydelig i ord som ”månge” og ”lång”.

Får du til det, kan praten bli rett så ”kosla” og ”trivla” (vs. ”koselig” og ”trivelig”).

– Kan vi egentlig snakke om ei eiga Brattvåg-dialekt?

Godt spørsmål! Inntrykket mitt er at brattvågarane brukar fleire eldre dialektformer enn dei som bur i Tennfjorden og færre eldre dialektformer enn dei på Nordøyane. Dialektstudien min frå 2006 viser óg at hildrestrandingane faktisk snakkar ganske likt brattvågerane no for tida, så det er kanskje ikkje rett å påstå at vi har ei dialekt som er heilt og åleine vår. Men det som i alle fall er sikkert er at talemålet i Vågen er blitt meir einsarta dei siste 30-40 åra, før gjorde alle innflyttardialektane i Brattvågen det vanskelig å snakke om at oss hadde éi dialekt i det heile tatt.

– He oss eigne ord, som ikkje vil bli forstått i byen eller over fjorden?

Då må eg få fortelle om ei venninne av meg frå Søre Sunnmøre som stoppa på Statoil i Brattvågen for å fylle bensin til heimturen. Då ho kom inn for å betale,  bestilte ho seg ein kopp kaffi og  blei spurt om ho ville ha ”løk”. Ha-ha, trudde dei at ho ville ha løk i kaffien? Statoil-dama måtte vifte med kaffikopp-lokket før venninna mi skjønte at ”løk” er det same som ”lokk”…

Om du seier at du er ”fole låk i haudet”, skal du ikkje langt vekk frå Brattvågen for at folk ikkje forstår kva du seier. I beste fall flirar dei av måten oss uttalar ”haudet” på, med haka langt nede når oss seier a-en. Eit anna ord som eg sjølv ofte opplever at folk ikkje forstår, er ”mæ” for ”også”: ”Ho bestilte ein kopp kaffi mæ…”

– Er Brattvåg-dialekta stabil, eller snakker vi mer og mer som demma-folket i Ålesund?

Gjennom mange tiår nærma talemålet i Brattvågen seg eit språk som samsvarte med ålesundsk, det viste ein studie brattvågaren Kjell Arne Skaar gjennomførte på 80-talet. Men dialektundersøkinga mi viser at dialekta har vore ganske så stabil dei siste 25 åra, at den ser ut til å ha funne si form. Eg trur der alltid vil eksistere ein naboopposisjon som gjer at brattvågarane vegrar seg for å ta altfor mykje etter storebror Ålesund. (I motsetning til rævdiltarane i Tennfjorden, red. anm.)

– Er det forresten riktig at dei er meir nasale i Ålesund?

Heilt klart! Sjølv om eg ikkje har vitskapelig bevis for det… He-he.

– OK! Til slutt:  Har du tips til kva exil-Brattvågarar som vil ha kred kan seie på festen på fredag? 

Kva med denne: ”Oss tek trej øl i kvar hand, og spandera på så månge so vil ha. Det kan bli steikje kjekt!”.

Advertisements

3 thoughts on “”Romsdaling, ålesunder eller haramsøying?” – ”Brattvåger, din kop!”

  1. Redaksjonen vingla mellom å skrive «brattvåger» og «brattvågar». Det siste er nynorsk, greit nok, men er ikkje det første meir … brattvågsk? Ein slags blanding mellom e og æ og a, men def ikkje «a» likavel.

    Jau då, slik slår vi i hjel tida fram mot 11.11.11

    • Og etterpå! 😉 Når eg les «brattvåger» les eg ein spissare vokal (meir ålesundsk) enn den korte æ-lyden som eg uttaler. Brattvågar blir rettare «i mitt haud», men det heng naturlegvis også saman med at det skjer det same når eg les andre ord, som «fiskar», «skreddar», «snikkar». Eller «nærmare», «varmare», «lysare». Alt dette er ord der vi brattvågarar (brattvågæræ) har den same vokalen.

  2. Artig lesning ditta her. Berre en liten attåtkommentar; Kjenne til ei trønderdame som bodde her i Vågen for ei tid sia – ho ante ikkje kar ho skulle gå når ho fekk beskjed om å gå på «hi siå» (andre sida) av ei vollyballbane. Ho skjønte det ettekvart, men synest det va en merkelig måte å uttrykke det på.
    Gratulere me da’n på fredag gøtfolk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s