EKSKLUSIVT: Ny Brattvåg-roman!

Vi har i dag gleda av å bringe utdrag fra den rykande ferske boka «11» –  Den Store Romanen om Brattvåg.

Forfattaren ønskjer enn så lenge å vere anonym, men vil gje seg til kjenne på ein pressekonferanse på Brattvåg Bok og Papir neste fredag.

Regnet fortset å strøyme ned både i Haram og på resten av Sunnmøre. Himmelen er like open, og det plaskar time etter time, døgnet rundt. Alle elvar og bekkar går over sine breidder, og folk frå teknisk etat stakar kummar og avløp til hender og ryggar verker.

Ferja går, i alle fall, og folk reiser med ferja.

Me stod på kaien og venta, urørlege, på oppstilling, ved fjorden, ved vatnet, og det veike lyset gjorde alle like, me var ein kropp, eit dyr, me var dei grå, dei innfødde som ikkje hadde ansikt.

Ei husklyngje stod stabla opp ikring oss. Raude naust og båtar låg som tanngardar langs stranda. Den smale vegen stakk seg gjennom husklyngja og ut til venstre, sving i sving, der bratte bakkar løfta hus og løer opp til himmels.

Fysj, sa eg, ganske høgt. Fiskaren sveiva inn. Stonga hans stod i spenn.

Eg et ikkje oppdrettsfisk, sa eg.

Eg synest det er godt, sa han.

Eg et ikkje noko frå sjøen, sa eg.

Å nei, sa han.

Før eg visste ordet av det, var skodda komen tjukk og kvit inn til land. Det er heilt utruleg, ho kjem rullande så fort som om nokon skulle ha tømt henne utover, og no er også Synnalandsneset borte.

Då høyrer dei nokre rare lydar, og brått rullar nokre underlege, mørke tonar gjennom havet.

Fleire og fleire. Ein heil flokk rædde gråe tuslingar.

Uklare tankar fór hit og dit hos han.

Skulle han minne henne om eitkvart? At dei mælte armlengdene sine i natt?

Å gå opp til det djupe vatnet som er Brattvåg og omland si drikkevasskjelde, er yndlingsturen hans, for der …

Han ser eit einsleg lauv falle frå treet ved sida av seg, eit som gir slepp lenge før det skal, ser det falle i sikksakk ned mot svaberget, gli fram og tilbake, fram og tilbake, og i augekroken skimtar han henne, ho skuggar for augo med handa, ser inn mot land, ser på han, ser på at han søkjer seg fram, steg for steg, han er snart framme, ventar no, lar augeblikket vare.

I dag har han treft henne igjen.

Det kunne ikkje falle han inn å dra på puben. Han hadde aldri likt å gå på pub åleine. Ikkje visste han kor han skulle sjå, og ikkje visste han kor han skulle gjere av hendene. Han vart utrygg av å vere aleine på pub. Han gjekk ein lang runde langs kaia i staden. Det var ikkje eit menneske å sjå, og han tok seg god tid. Det var isnande kaldt. No og da såg han på klokka. Han gav seg ikkje. Han tok stadige avstikkarar. han såg på det og han såg på det. Eit hundretals kråker sat oppe på bryggetaka og skreik. Han vart ståande og sjå på dei, men han gjekk vidare da han byrja å tenke på kråkereiret i hagen.

Gode menneske, og så får dei det ikkje heilt til, her i livet.

Vi går langs vegen. Mørkret, og fjorden. Må seie noko. Kan ikkje berre gå her. Vi går langs med fjorden. Bølgjene. Alltid desse bølgjene. Seie noko. Vi går forbi naustet, det er gammalt, det er til nedfalls.

Fjord, tenkte han, fjord.

Han oppdaga nøkkelen, som framleis stod i døra. Han lukka døra stille, vrei nøkkelen om og gikk rolig opp til bilen igjen.

På ferja kjente han ein varme i brystet, han stod på dekk mens ei meiningslaus bølgje av lykke skylte over han. La oss ta til på ny, tenkte han, la oss etablere ei form for normalitet igjen, ein ny måte å vere saman på.

Ute på fjorden låg fiskebåtar i skumringa, klare til å lyse etter brisling så snart det blei heilt mørkt.

Advertisements

One thought on “EKSKLUSIVT: Ny Brattvåg-roman!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s