Vågestykke (med kviss)

100 år, 100 spørsmål. Kvissmeister Njord V. Svendsen har vore på djupt vatn og  og fiska opp ein domikanermunk, Haugstad-softis, Nøsa, sexprat og ikkje minst sjefen sjøl, Ben Johnsen.

Kledd for nostalgiske overtramp (Foto: Ivar Aasen-tunet)

Jubileum er gode påskot for nostalgiske overtramp og sentimentale sjølvmål. Etter oppmoding frå bloggredaksjonen om eit bidrag låste eg meg inn i næraste tenketank (liknar litt på ein transformatorkiosk eller Brattvåg Hotell i mindre format, liknar ikkje dei skitne tankane i ulike skrog ved verftet der ein del ungdom fekk sitt første med industri og klaustrofobi medan dei heldt ein stålbørste i handa).

i tenkeboksen låg eg lenge på magen med lupe og studerte luftfoto frå 1963 for å finne knivstikkarar i Knivstikkargata.

Eg la frå meg lupa og gjekk i staden inn i det filosofiske hjørnet for finne eit bilete, ein metafor som kan fange essensen av vår stad raskare enn frisør Amdam kan svare ”Amdam” på telefonen.

Eg kjende at eg måtte ut. Noko måtte ut. Det er litt som med svinemøren. Det blir ofte litt mykje, ein kjenner seg svinaktig, og så må ein finne eit avløp for å få utløp.

Resten av tankane blir her presentert som hundre spørsmål: ein kviss som kan lovleg takast i bruk i puben på Brattvåg Hotell (som liknar litt på ein transformatorkiosk i stort format), eller på julebordet til Rotary, som eg strengt tatt ikkje anar kva liknar på).

1) Kor mykje vatn er det i Vågen?

2) Kvifor er Storgata så stor?

3) Kven er eg?

4) Kor djupt kan boretårnet bore?

5) Kan boretårnet bore?

6) Kven er du?

7) Kva slags miljø er det i miljøgata?

8) Kva er kursen på Børsen?

9) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar sin kamp nummer 67?

10) Kva er det største som har hendt på Storkaia?

11) Kor mange feilparkeringar vart utført i Brattvåg sentrum mellom klokka 9 og 11 laurdag 26. mars 1994?

12) Kven er dei andre?

13) Kven har scora det mest spektakulære sjølvmålet på Brattvåg stadion gjennom tidene?

14) Er det ikkje artig at hydraulikk rimar på lyrikk?

15) Er det nokon som hugsar Ben Johnson?

Prøv litt fiskeolje fra Brattvåg du òg

16) Er det ikkje artig at STX nesten rimar på sex?

17) Kvifor er ikkje det artig?

18) Eller er det?

19) Kven skreiv ”Kring denne jula vaks Brattvåg fram”?

20) Kva jul var det snakk om?

21) Kva ville Bruce Springsteen ha tenkt om han kom inn i på handarbeidsrommet på Brattvåg barneskule torsdag 8. november 1984?

22) Kva ville Marit Hildrestrand ha tenkt?

23) Kvifor finst det så mange luftfoto av Brattvåg?

24) Kvar er alle saman?

Kombinert ski- og prestedrakt fra ULRO sport.

25) Er det sant at dominikanarmunk og brattholmnesing (East Side) Arnfinn Haram bestemte seg for å konvertere til katolisismen etter eit mislukka skihopp frå Brattvåg kyrkje i 1981?

26) Korleis vil det låte om Brattvåg trommekorps plutseleg bestemmer seg for å spele Amazing Grace?

27) Kvifor vart Ben Johnson tvinga til å gi frå seg OL- og VM-medaljane sine?

28) Kor mange korrekturfeil var det i Haramsnytt fredag 28. mai 1993?

29) Er det sant at David Beadle i fire år  insisterte på å køyre på venstre sida av vegen med eit vilt flir i skjegget?

30) Korleis let det då aspirantane i Brattvåg skulekorps spelte Amazing Grace på førjulskonsert i Brattvåg kyrkje i 1982?

31) Kva farge hadde dirigent Leiv Ståle Aasebø i ansiktet?

32) Kvifor kom Ben Johnson til Brattvåg?

33) Kvifor såg det ofte ut som Ben Johnson smilte litt samstundes som han liksom ikkje gjorde det ?

34) Kvifor hadde han så tunge augelok?

35) Er det sant at Arild Remmereit moste Carl Bernstein i bordtennis?

36) Kva har Brattvåg til felles med Napoli?

37) Kor mange millionar ville det blitt i kassa dersom Brattvåg hadde hatt parkeringsvakter?

38) Kvifor vart Rune Ulvestad aldri proff i Ipswhich?

39) Kor mykje utmarksbeite ligg det til Samfjordgårdene?

40) Er det sant at alle omvegar heim er reiser?

41) Kva er den sjukaste 17. mai-talen som aldri vart halden utanfor den gamle sjukeheimen?

42) Smilte Ben Johnson likevel på ordentleg?

43) Kvar skal alle saman?

45) Korleis smakte buljongen på Brattvåg stadion i haustsesongen 1987?

46) Er Nøsa teknisk sett ein del av Brattvåg?

47) Kor mange bilar med lodne trekk på ratta og felgar av lettmetall rulla fram og tilbake, medan sjåførane rulla seg røyk, mellom Shell og ferjekaia hundre, kanskje to hundre gonger, berre avbrote av eit kjøp av meir wunderbaum, om kvelden fredag 16. juni 1989?

48) Kva arkitekturhistorisk retning inspirerte skaparen av tribunen på Brattvåg stadion?

49) Kor langt er det frå misjons- til bedehuset?

50) Kor langt er det frå rus til Petrus?

51) Kor langt er det frå gras til grus?

52) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 367?

53) Kva kjem det neste namnet på skipsverftet til å rime på?

54) Når kjem Ben Johnson tilbake?

55) Kor er alle heltar hen?

56) Kva drøymde Ingebrigt Davik to netter før han fullførte Taremareby?

57) Kven åt den siste softisen på Haugstad?

57) Fungerer Brattvågsongen i moll?

58) Kvifor er Brattvåg så stygg?

59) Kvifor er dette så vakkert?

60) Er det sant?

60) Kva poplåt minner rytmen i lyset i fyrlykta i Årsundet om?

61) Er det ikkje artig at Våghall rimar på vågal?

62) Er det ikkje artig?

63) Vil den for lengst nedlagde instekafeen få ei eige kapittel i bygdebok for Haram i 2028?

63) Kor mange gonger dribla Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 467?

64) Kva ønskjer har du for Brattvågs 200-årsjubileum?

65) Kva spelte Brattvåg skulekorps kring hjulegrana første søndag i advent 1990?

66) Kor mange korrekturfeil var det i omtalen i Haramsnytt fredagen etter?

67) Kor mange av sjåførane som rulla seg ein røyk i bilane med lodne trekk på ratta og felgar av lettmetall som rulla fram og tilbake mellom Shell og ferjekaia hundre, kanskje to hundre gonger, berre avbrote av eit kjøp av meir wunderbaum om kvelden 16. juni 1989 var i realiteten frå Hildre?

68) Kor mange var igjen i Brattvåg idrettshall under eit bygde(by)stemne i 1990 etter at ei lokalt kjellarband var ferdig med halvparten av den første låta?

69) Kva meinte hegrane på Brattholmen om Amerika gatekjøkken?

70) Kvar er dei no?

71) Kvifor lo David Beadle godt då han muligens parkerte bilen sin utanfor biblioteket 22. november 2003?

72) Er gode rådmenn dyre?

73) Er dyr gode rådmenn?

74) Kan ord forføre ordførarar?

75) Kan ord føre til noko?

76) Er budsjettet ute på hamna?

78) Kvifor er min båt så liten og havet så stort?

79) Kven er den minst berømte brattvågaren i verda?

80) Kvar kjem vi frå?

81) Kven er den mest berømte brattvågaren i Brattvåg?

82) Kva er det minste som har hendt i Storgata?

83) Korleis let det når Brattvåg Trommekorps tolkar Brattvågsongen?

84) Kva ville Carl Bernstein tenkt om han fekk høyre dette?

85) Er det sant at Ben Johnson sette fiskeolje (frå Brattvåg) intravenøst før verdsrekorden på 100-meter i VM i Roma i 1987?

86) Kvar kom vi frå?

87) Er boretårnet eit boretårn?

88) Kvifor dribla ikkje Stig Ekanger i forsvar i sin kamp nummer 803?

89) Er Brattvåg Brattvåg?

90) Er Brattvåg Brattvaag?

91) Kor fort tikkar klokka?

92) Kva er det som plutseleg er så stas med Synnaland?

93) Kor lang var vegen frå Huse til Kulturhuset?

94) Vil noko vedunderleg verkeleg skje?

95) Er dette i ferd med å tippe litt over no?

96) Nei?

97) No då?

98) Kven er vi?

99) Er det filosofiske hjørnet snart ledig?

100) Kor mykje våg er det i vatnet?

Advertisements

«Alltid mykje fine damer i Brattvåg»

Våghall var meir enn leikaring og teater. Kvar fredag kunne vi høyre bassgangen dundre, bilane ruse og folk leve seg ut. Korleis var egentlig livet på Våghall?

Vi har spurt Alf Terje Farstad frå det legendariske Lepsøy-bandet Living Earth om å ta oss med på ein tur ned memory lane.

Living Earth i 1978. Alf Terje Farstad nr 2 f.v. (med bart)


Kva forbind du med Våghall?

Å spele til dans på lokalet har ein sjarm som er ulikt alt anna. Eg har spelt på Våghall omtrent 50 gangar, og kan med handa på hjertet seie at det er berre gode minner. Det var ei fantastisk atmosfære på Våghall, med trappene, galleriet og alle kulissane frå julespel og revyar som sto stabla på scena. Huset hadde definitivt sjel. Og så var det masse kjekke og blide folk!

 – Dei var blide sjølv om det kun var brus og pølser til salgs?
He-he, folk gjekk inn og ut og blei berre i bedre og bedre humør. Må innrømme at Solo’en dei tok med ut i bilane ikkje hadde heilt samme fargen når dei kom inn att… Litt smådribbing ned trappene og småfighting var det vel, men humøret var godt!

– Var det bra med folk?
Ja, slik eg huskar det så var det stort sett alltid fullt på Våghall når klokka nærma seg 22. Og då snakkar vi både om dansegolvet og på parkeringsplassen. Ein grunn til det er at Brattvåg var kjent for å ha mykje fine damer. Kanskje fordi det er skuler der, eller rett og slett fordi Brattvåg-damer generelt er fine! Og når damene er der, då kjem karane også.

– Då var vel gjengen på scena også rimelig populære, eller?
Nja, vi var vel ikkje mindre omsverma enn gjennomsnittet… Ein i bandet traff faktisk dama i sitt liv på Våghall! Brattvåg-dame, sjølvsagt. Og så må eg få nevne at det er ei dame som betydde noko spesielt for alle oss i bandet: Skjelte-Anna på Central Hotell. Det var ein ekstra bonus med Brattvåg at vi fekk overnatte på hotellet, og Anna var ei nauta kjekk og ikkje minst tålmodig dame, som tolererte nokre nachspiel og passa godt på oss karane.

– Kva med musikken? Var folk interessert?
Våghall var faktisk berykta for ein liten mafia foran scena, eit lite musikkpoliti av folk som spelte sjøl og i eigne auge hadde greie på det meste… Mot slutten av dansen var det vel andre ting som var viktigst… Vi brukte å ta ein rask låt som nest siste sang, og så tok vi Feelings («nothing more than feelings…») til slutt. Det brukte å fungere bra. Med unntak av kjæresten til ei dame trappa opp etter en tur ute i bilane og reiv ho ut av armane til ein håpefull stakkar.

– Er bygdedansen historie? Er det byen for alle pengane no?
Nei, tvert imot. Det vart slutt på 90-tallet, men no er faktisk bygdedansen på vei tilbake. Living Earth er fortsatt i toppform – og vi kjem meir enn gjerne til Våghall igjen!

"Til hælvete med Grieghallen, det e her æ høre heim!" (Åge Aleksandersen fra scena på Våghall)

Karisma, flegma og eleganse: Her er Brattvågs midtbanekonger

Rull ut trommekorpset, puss brillene og spør han Ekanger om å klippe graset. For her kjem den mest offensive og teknisk briljante midtbana sidan Brasil i 1982! 

Høgre ving: Åge Maridal

Herlig driv på høgreflanken

Som ung og fremadstormande BIL-spelar imponerte Åge alle med høg fart, driv med ball, innlegg og avslutningar. Imponerte så mykje at Hødd ville ha han.

Der var Åge så god at Start blei imponert, dei ville ha han for å gi Svein «Matta» Mathisen dei rette innlegga.

Eit høgdepunkt i karriera var nok Europacup-kamp for Fyllingen mot Atletico Madrid. Vinteren 92 var han tilbake i Vågen. Imponerte då alle med enorm løpskraft.

Grusa sjølvaste Stig på kondisjonstestar, noko som i seg sjølv var ganske alvorleg, og fekk Ekangeren til å drive eigentrening (bakkeløp opp til Hestevatnet) for å vinne neste test.

Sammen med Rune Ulvestad er Åge den spilleren i BIL som kom seg lengst i norsk toppfotball.55 kamper for Start sammen med ei rekke landslagsspelarar på slutten av 80-tallet. Og i tillegg til sesonger i Hødd, var han altså med på eventyret Fyllingen.

Soleklar plass på hundreårslaget!


Sentral midtbane: Thor Grønmyr.
Ein klubbkjempe av dimensjonar (i overført betydning, red anm.). Thor stod sentralt i BILs vei oppover på 80-tallet. Han hadde ein opptrekkjar på ryggen. Vrei du den nok rundt, så sprang han i 90 minutt (+ tilleggstid).

Thor var svært god begge vegar: Ein klassisk boks-til-boks-spelar som kunne tackle nede i eiget straffefelt, setje i gong kontringa og vere den som avslutta same kontring i motsett 16-meter. Full pakke!

Sentral midtbane: Rune Ulvestad

- "Og du ville...?" (Foto: Haramsnytt)

Karisma, flegma og eleganse. Rune gjekk gjennom bygda og triksa med ball og prata i mobiltelefon før folk visste kva ein slik reidskap var. Sammen med Åge M den fra BIL som kom seg lengst i norsk toppfotball. Ein komplett spelar på alle måter: Hadde pasningsspel, driv, teknikk, blikk og hovudspel.

I Molde blei Rune toppscorer både i 81 og 85!! Scora i cupfinalen mot Brann i 82! Har i nokre sesonger trent Herd (2. og 3.div). Bør også nevnast at Rune har ein fantastisk fotballfamilie. Ein son vart i år seriemeister med Molde, ein vart cupmeister med Ålesund, medan dei to siste spelar fast på Herd sitt 2.divisjonslag. Godt å vite at Brattvåg-genene gjer nytte for seg i heile fylket…

Venstre ving: Kjell Petter Hoel.

Lårmuskulatur i sving for BIL (Foto: Haramsnytt)

Kjell Petter er antageligvis det største talentet i BIL. Og den eineste frå klubben som har spelt mot Manchester United sitt a-lagHan herja i alle aldersgrupper, mot spelarar mykje eldre enn seg sjølv. Ekstrem fart – var den beste gutteløparen i landet – og enorm teknikk. Spelte også samtlege landskampar på U15, U16 og U17.

Unge Hoel kom som eit skot inn på a-laget som 16-åring. I debuten herja han enormt med Valder sin back heile kampen. Backen byrja etterkvart å halde hurtigtoget utan at dommaren såg det. Til slutt gjekk det i svart for den sindige guten, og han sparka motspelaren som med teatralske fakter fekk stortalentet utvist. I opprykkssesongen 1988 sørga han for ca 20 målgivande innlegg til toppscorarar Trond Austnes.

Lite overraskande var det at Molde viste stor interesse for å hente Brattvåg-ekspressen, der han kunne bryne seg på folk som Jostein Flo, Kjetil Rekdal og Jan Berg. Dessverre gjorde skader slutt på Tippeliga-karriereren alt for tidlig.

Kjell Petter valgte å studere på Rena midt på 90-talet. Då han presenterte seg for sine nye lagkameratar på Rena sitt 4. divisjonslag før første trening og dei lurte på om han hadde spela fotball før, var svaret frå den sindige Kjell Petter:»Nnnnjaaaa. He no spelt litt i 5.divisjon.» Hoeler’n ville som vanleg unngå mas og stress om tidlegare bragder.

Etter Rena kom han tilbake og spelte 4 sesonger på BIL. Sidan farta ikkje no var blitt meir normal, trekte han inn og spelte sentral midtbane. Feilpasningane kunne ein telje på ei hand og skota var framleis av beste merke. Kjell Petter var i denne perioden ein glitrande og erfaren playmaker for eit ungt og framadstormande Brattvåg-lag.

Andre topp midtbanespelarar for BIL:

Bård Flem. Eit anker på midtbana, kjent for sin fantastiske pasningsfot. Traff stort sett det han sikta på, og det var svært ofte broder Egil i god posisjon foran mål. Det seies at Bård har tatt 50 straffer for Brattvåg, og berre bomma på ei. Den gjekk i stanga…

Bård Flem er i dag sammen med Stig Ekanger den einaste som har over 500 kamper for BIL. Og circa 100 ganger så mange turar på Hesten!

BILs eigen dødballkunstnar (Foto: Haramsnytt)

Jan Petter Hagen. Haramsøying som tidlig kom til Brattvåg og erobret en plass på BILs midtbane. Naturlig kapteinstype og var med det første opprykket til 2.div og dei påfølgende åra der.

Gunnar Lødøen. Positiv midtbanespiller som prata nesten like mye som han sprang. Ein herlig lagspiller som også bidro stort utenfor bana. Hyppige styreverv i klubben etterpå.

Roger Grytten. Elegant midtbanespiller som var med i perioden i 2.divisjon. Mykje skada, men leverer den dag i dag på jevnt høyt nivå på Old boys. Varemerke: Skrudde lissepasningar.

Even Heggdal. Midsunding som har vært sentral på BILs midtbane det siste 10-året.

Arnel Colic. Arvtager etter Svein Åge. Bosnier med fantastisk teknikk som kunne frustrere et helt lag.

John Andreas Husøy. Harøying med fleire sesonger i BIL. Avgjorde cupfinalen i 2005 for Molde mot Lillestrøm, med kampens 4. mål. I tillegg til å spille for Molde har han vært i Moss og Sarpsborg.

Sist, men ikkje minst: Frank Dalhaug. Ein kreativ og hardt arbeidende midtbanespiller som har lagt opp fleire ganger de siste åra. Men innerst inne ligg der en ambisjon om pallplass på adelskalenderen (4.plass no, med 466 kamper, 1 bak Egil Flem!). Frank har spilt kvar kamp denne høsten. Og som vanlig vært viktig i jakta på fornyet plass i 3.divisjon.

Close, but no cigar...

”Romsdaling, ålesunder eller haramsøying?” – ”Brattvåger, din kop!”

Brattvåg er som New York: Ein smeltedigel for mange slags tungemål.  Korleis skal ein ekte brattvåger prate?

Helene Hildremyr

brattvaagen har spurt vår ekspert Helene Hildremyr, som skriv doktorgrad i sosiolingvistikk ved Universitetet i Bergen

– Oss utflyttarane strever av og til med å snakke korrekt. Kva må oss huske på om oss ikkje skal bli stempla som sell out?

Aller viktigast er det å bruke «ej” og ”oss”, (vs. romsdalsk i/vi (me) og ålesundsk e/vi).

Slå også til med ”ikkje” uttalt med skikkelig kraft i kj-lyden (vs. ”ikke” og ”isje”). Om du sper på med ”låk i haudet” (vs. ”vondt i hodet”) og ”ete” (vs. ”spise”) så er du i Brattvåg-sona.

– Fint, det kan oss få til. Og om oss vil ta ta steget til ”the next level” (og snakke som den eldre garde i Vågen)?

Då gjeld det å bruke heile alfabetet: ”å” for ”a” i ord som ”månge” og ”lång” (vs. ”mange” og ”lang”), og ”ø” for ”å” i ord som ”ørm” (vs. ”orm”) og ”kjøm du?” (vs. ”kjem du?”).

Det er også tradisjon for å bruke diftongar som i ”knei” og ”trei” (vs. ”kne” og ”tre”) og ikkje minst å uttale g-en tydelig i ord som ”månge” og ”lång”.

Får du til det, kan praten bli rett så ”kosla” og ”trivla” (vs. ”koselig” og ”trivelig”).

– Kan vi egentlig snakke om ei eiga Brattvåg-dialekt?

Godt spørsmål! Inntrykket mitt er at brattvågarane brukar fleire eldre dialektformer enn dei som bur i Tennfjorden og færre eldre dialektformer enn dei på Nordøyane. Dialektstudien min frå 2006 viser óg at hildrestrandingane faktisk snakkar ganske likt brattvågerane no for tida, så det er kanskje ikkje rett å påstå at vi har ei dialekt som er heilt og åleine vår. Men det som i alle fall er sikkert er at talemålet i Vågen er blitt meir einsarta dei siste 30-40 åra, før gjorde alle innflyttardialektane i Brattvågen det vanskelig å snakke om at oss hadde éi dialekt i det heile tatt.

– He oss eigne ord, som ikkje vil bli forstått i byen eller over fjorden?

Då må eg få fortelle om ei venninne av meg frå Søre Sunnmøre som stoppa på Statoil i Brattvågen for å fylle bensin til heimturen. Då ho kom inn for å betale,  bestilte ho seg ein kopp kaffi og  blei spurt om ho ville ha ”løk”. Ha-ha, trudde dei at ho ville ha løk i kaffien? Statoil-dama måtte vifte med kaffikopp-lokket før venninna mi skjønte at ”løk” er det same som ”lokk”…

Om du seier at du er ”fole låk i haudet”, skal du ikkje langt vekk frå Brattvågen for at folk ikkje forstår kva du seier. I beste fall flirar dei av måten oss uttalar ”haudet” på, med haka langt nede når oss seier a-en. Eit anna ord som eg sjølv ofte opplever at folk ikkje forstår, er ”mæ” for ”også”: ”Ho bestilte ein kopp kaffi mæ…”

– Er Brattvåg-dialekta stabil, eller snakker vi mer og mer som demma-folket i Ålesund?

Gjennom mange tiår nærma talemålet i Brattvågen seg eit språk som samsvarte med ålesundsk, det viste ein studie brattvågaren Kjell Arne Skaar gjennomførte på 80-talet. Men dialektundersøkinga mi viser at dialekta har vore ganske så stabil dei siste 25 åra, at den ser ut til å ha funne si form. Eg trur der alltid vil eksistere ein naboopposisjon som gjer at brattvågarane vegrar seg for å ta altfor mykje etter storebror Ålesund. (I motsetning til rævdiltarane i Tennfjorden, red. anm.)

– Er det forresten riktig at dei er meir nasale i Ålesund?

Heilt klart! Sjølv om eg ikkje har vitskapelig bevis for det… He-he.

– OK! Til slutt:  Har du tips til kva exil-Brattvågarar som vil ha kred kan seie på festen på fredag? 

Kva med denne: ”Oss tek trej øl i kvar hand, og spandera på så månge so vil ha. Det kan bli steikje kjekt!”.

Blod, svette og tåfis: Tidenes beste Brattvåg-forsvar

Dei har mista tenner, knust leggskinn og scora fra 50 meter. Møt Brattvågs aller beste sisteskanser!

Høgre back:  Stig Ekanger

Alltid fullt fokus under pannebandet

Stig Ekanger er klubbkjempen med aller flest kamper for BIL. Ingen over, ingen ved sida. Med stort engasjement fauk Stig opp og ned langs linja som ei blanding av ein fuglehund og ein moderne back.

Stig var dessuten kjent som ein knallgod tackler som likte utfordringer og gjerne ville markere motstandarlaget sin bestemann på defensiv dødball. Låg alltid fremst på kondisjonsøvingane, lett i kroppen som han var (er?).

Mr. Ekanger var rak i ryggen og elegant i stilen. Han spelte alltid med kvitt panneband og elska å drible motspelarar i eigen fem-meter. Apropos stil: Det går rykter om at han har bytta ut den berømte «Davy Crockett-jakka» si etter at han la opp.

Høgdepunkt: I 1989 scora Stig på frispark frå 50 meter med utsida av foten. Prøvde å gjenta bedrifta svært mange ganger etterpå, men utan lykkast.

Venstre back: Svein Åge Klokk

"Enten er du enig, eller så tek du feil"

Fjørtofting som kom til Brattvåg i ung alder og var med i alle klubbens år i 2.divisjon. Mest brukt som flanke/ving den første tida, men blei etterkvart en moderne vingback. Sprang fra dei fleste og stod bak mangt et mål etter flotte innlegg.

Kunne også kjefte på både dommer, medspelarar og motstandarar medan han sprang mot dødlina for å slå innlegg. Hadde sterke meininger om fotball.

Som han sa sjøl: «Enten er du enig eller så tek du feil!»

Midtstopper: Henning Blindheim.

Alltid blant dei beste på bana. (Foto: Haramsnytt)

En bauta som alltid leverte 100%. Stor fart og tyngdepunkt nesten under grasmatta. Blant lagets beste spelerar så og sei kvar kamp. Tålte en trøkk, men var i perioder kronisk plaget av strekk. Var ikkje den som gjorde mest av seg i garderoba, men var likevel ein flott kapteinstype med sin naturlege autoritet. Henning var suveren i mann-mot-mann-duellar og vann alt på hovudet trass at han ofte kunne vere eit hovud lavare enn motstandaren.

Høgdepunkt: Mista halve tanngarden i duell med Harald Åsland Riise på Hareid.

Midtstopper: Per Willy Otterlei.

Brattvåg-bauta med baller. (Foto: Haramsnytt)

Ein kriger av dimensjoner. Stort engasjement og «luftas baron». Det han mangla på fart, tok han igjen med ekstra ledd i foten. Mang ein motstandar dribla PW og passerte han, for så å oppleve ein teleskopfot lirke seg rundt og pirke vekk ballen. Dess finare motstanderen snakka («bydialekt»), dess tøffare gjekk PW til i tacklingane.

Høgdpunkt: Sparka ein gong hol i eit leggskinn til ein på Langevåg. Den spelaren gjekk aldri i duell med PW igjen.

Andre topp forsvarsspelerar 

Hans Inge Flem. Ei klubbkjempe som fortsatt er på topp 10 på adelskalenderen (8.plass med 379 kamper). Har i årevis tatt ansvaret for baner og anlegg, og gjer en uvurderlig innsats for klubben. Er i skrivande stund i ferd med å signere ny avtale med BIL som banesjef/mester.

Trygve Jan «TUFF» Håvik.  Rutinert stopper på 70/80-tallet. Hodesterk kar med over 350 kamper for klubben. BILs stiligste bart?

Terje Skarbø. Rutinert midtstopper med full kontroll i BIL-forsvaret på 80-tallet, og i dag aktiv støttespiller på Old boys.

Svein Dalhaug. En ekte kriger med 300 kamper i BIL-trøya.

Harald Dyrøy. Tennfjording som pendla til Vågen under klubben sine beste år fra midten av 80-tallet. Med stor fart og tacklingsstyrke var han ei lei nøtt for einkvar høgreving. Dessuten ein back med gode offensive fiber.

Per Ove Tennfjord. En lynrask back på 80-tallet, fra innsida av fjellet. Viktig bidragsyter også utenfor bana med fine kommentarer til det meste.

Ivar Fjørtoft. Solid stopper på 90-tallet. Et kjempetalent, som dessverre var mykje skadd og trappa ned så alt for tidlig.

EKSKLUSIVT: Ny Brattvåg-roman!

Vi har i dag gleda av å bringe utdrag fra den rykande ferske boka «11» –  Den Store Romanen om Brattvåg.

Forfattaren ønskjer enn så lenge å vere anonym, men vil gje seg til kjenne på ein pressekonferanse på Brattvåg Bok og Papir neste fredag.

Regnet fortset å strøyme ned både i Haram og på resten av Sunnmøre. Himmelen er like open, og det plaskar time etter time, døgnet rundt. Alle elvar og bekkar går over sine breidder, og folk frå teknisk etat stakar kummar og avløp til hender og ryggar verker.

Ferja går, i alle fall, og folk reiser med ferja.

Me stod på kaien og venta, urørlege, på oppstilling, ved fjorden, ved vatnet, og det veike lyset gjorde alle like, me var ein kropp, eit dyr, me var dei grå, dei innfødde som ikkje hadde ansikt.

Ei husklyngje stod stabla opp ikring oss. Raude naust og båtar låg som tanngardar langs stranda. Den smale vegen stakk seg gjennom husklyngja og ut til venstre, sving i sving, der bratte bakkar løfta hus og løer opp til himmels.

Fysj, sa eg, ganske høgt. Fiskaren sveiva inn. Stonga hans stod i spenn.

Eg et ikkje oppdrettsfisk, sa eg.

Eg synest det er godt, sa han.

Eg et ikkje noko frå sjøen, sa eg.

Å nei, sa han.

Før eg visste ordet av det, var skodda komen tjukk og kvit inn til land. Det er heilt utruleg, ho kjem rullande så fort som om nokon skulle ha tømt henne utover, og no er også Synnalandsneset borte.

Då høyrer dei nokre rare lydar, og brått rullar nokre underlege, mørke tonar gjennom havet.

Fleire og fleire. Ein heil flokk rædde gråe tuslingar.

Uklare tankar fór hit og dit hos han.

Skulle han minne henne om eitkvart? At dei mælte armlengdene sine i natt?

Å gå opp til det djupe vatnet som er Brattvåg og omland si drikkevasskjelde, er yndlingsturen hans, for der …

Han ser eit einsleg lauv falle frå treet ved sida av seg, eit som gir slepp lenge før det skal, ser det falle i sikksakk ned mot svaberget, gli fram og tilbake, fram og tilbake, og i augekroken skimtar han henne, ho skuggar for augo med handa, ser inn mot land, ser på han, ser på at han søkjer seg fram, steg for steg, han er snart framme, ventar no, lar augeblikket vare.

I dag har han treft henne igjen.

Det kunne ikkje falle han inn å dra på puben. Han hadde aldri likt å gå på pub åleine. Ikkje visste han kor han skulle sjå, og ikkje visste han kor han skulle gjere av hendene. Han vart utrygg av å vere aleine på pub. Han gjekk ein lang runde langs kaia i staden. Det var ikkje eit menneske å sjå, og han tok seg god tid. Det var isnande kaldt. No og da såg han på klokka. Han gav seg ikkje. Han tok stadige avstikkarar. han såg på det og han såg på det. Eit hundretals kråker sat oppe på bryggetaka og skreik. Han vart ståande og sjå på dei, men han gjekk vidare da han byrja å tenke på kråkereiret i hagen.

Gode menneske, og så får dei det ikkje heilt til, her i livet.

Vi går langs vegen. Mørkret, og fjorden. Må seie noko. Kan ikkje berre gå her. Vi går langs med fjorden. Bølgjene. Alltid desse bølgjene. Seie noko. Vi går forbi naustet, det er gammalt, det er til nedfalls.

Fjord, tenkte han, fjord.

Han oppdaga nøkkelen, som framleis stod i døra. Han lukka døra stille, vrei nøkkelen om og gikk rolig opp til bilen igjen.

På ferja kjente han ein varme i brystet, han stod på dekk mens ei meiningslaus bølgje av lykke skylte over han. La oss ta til på ny, tenkte han, la oss etablere ei form for normalitet igjen, ein ny måte å vere saman på.

Ute på fjorden låg fiskebåtar i skumringa, klare til å lyse etter brisling så snart det blei heilt mørkt.

Vi kårer Brattvågs 11 beste menn

Brattvågs utvalgte i badebukse og singlets vant 11-0 mot Stordal ca 1959. Rad 1 fra v: Pierioth, Per Dalhaug, Konrad Otterlei, Rolf Håvik, Kjell Ellingsæter. 2. rad: Jon Longva, "Pelle" Sønderland, Hagen ? Bjarne Flem, Jon Justsen, Sverre Bjørnevik. Fotograf og dommer: "Borken" fra Ålesund (Fra http://www.kulturnett.no)

Vi har sett oss føre å kåre århundrets Brattvåg-lag. Kven er dei beste 11 når klokkene ringer inn 11.11.11?
I juryen vår har vi 3 erfarne BIL-folk. Oddmund og Hans Martin Otterlei vaks opp på Helland med verdas vakraste utsikt, og skulle såleis ha eit godt overblikk over Brattvågen. Dei har også ein del hundre kampar på baken. Juryformann er tidlegare spelar og ikkje minst mangeårig trenar Stein Gisle Alvestad. Elefantminne når det gjeld Brattvåg-fotballen!

OK – vi sett i gang med nr 1:

Keeper: Yngve Rekdal.

Ein Rekdal kjem alltid tilbake.

Yngve Rekdal vokta buret for BIL i første del av 1990-tallet. Hans fremste eigenskap var ei ekstrem reaksjonsevne. Når ein legg til Rekdal-slekta sitt landskjente ry for fokus, konsentrasjon og vinnarvilje, får vi ein steike solid sisteskanse. Yngve er nemleg yngste bror til sjølvaste Kjetil. Han er nok litt meir beskjeden enn storebror, men det skal ikkje så mykje til.

Andre toppkeeparar i BIL:

Espen Wold – den keeperen som «i moderne tid» har flest kampar for BIL. Solid sisteskanse dei siste 10 åra, og innehar i dag 11.plassen på adelskalenderen med over 350 kamper.

Johan Vestre – Arvtager etter Yngve utover 90-tallet, og har faktisk spilt seriekamp for BIL også i år. Stod som en gud i 95, i den legendariske cupkampen mot Molde og dei 3 S-ane Solskjær, Sundgot og Stavrum. 2000 tilskuere ringside og eit veldig hederlig tap 4-2.

Asbjørn Leine. En bauta på 70- og 80-tallet og sjef i ordets rette forstand. Over 200 kamper. Mannen som kunne vinne kampar «ALeine» 🙂

Stig Fjørtoft. Kom opp nokre år etter Asbjørn og var i perioder keeperduo i lag med han, og i følge ryktene jevngode. Eit ekte mannfolk.

Inge Gjerde. Stod i perioden før Asbjørn. Ein herlig keeper-type med mange gode historier.